Denne pakken er meint å innehalde kode som utgjere brukergrensesnittet til k9-sak.
Stort sett skal all kode som er avhengig av React og som ikkje brukast i andre system leggast inn her.
For å eksportere moduler ut frå denne pakken, juster "exports"
klausulen i package.json
viss nødvendig. På den måten
kan ein bygge opp ein hierarkisk pakkestruktur som ekstern kode kan importere frå.
Merk at for å importere kode frå denne pakken må du bruke .js filending i import klausul. Dette sidan exports er satt opp utan mapping til ei bestemt filending, slik at ein kan importere andre filtyper enn javascript i framtida. Det såg og ut til at ein fekk betre code completion i IDE ved å gjere det slik.
Eksempel:
import MeldingerBackendClient from '@k9-sak-web/gui/sak/meldinger/MeldingerBackendClient.js';
.ts, .tsx og .jsx fungerer og, men .js er anbefalt.
For å få dette mest mulig automatisk i Intellij kan ein sette innstilling Settings => Code style => Typescript => Imports => Use file extension til always .js